Regionsamling i Seljord

Påmeldingsfrist: 1. november 
Meir informasjon og påmelding på regionsamlingas nettside 

Telemark Røde Kors inviterer til regionsamling på Dyrskuplassen 25.-27. november 2016. 

Det blir fagsamlingar innan førstehjelp, ettersøking, vatn og RØFF på laurdagen. På søndag er det distriktvise samlingar, så her blir det høve til å koma med innspel og diskutere siutasjonen i Telemark.

D-rådet ventar ca 150 hjelpekorpsarar frå heile reigon øst (Telemark, Buskerud, Vestfold, Oslo, Akershus og Østfold), så dette er eit ypparleg høve til å bli kjent med fleire hjelpekorpsarar og lære noko nytt! 

Det meste skjer ute. Det er lagt opp til overnatting i telt/camping, men matserveringa blir i hovudsak inne. 

Fagkurs skred

Påmeldingsfrist: 1. novmeber ved å sende eit søknadsskjema til D-rådet OG påmelding i ressurssystemet. Ta kontakt med Tor-Aage eller Olav for påmeldingsskjema og meir informasjon. 

Kursdato og stad: 12.-19. mars 2017 i Lyngen 

Innhald i kurset: 

  • Forebyggande arbeid 
  • Terreng, snøkjennskap, snøskredlære 
  • Skredfarevurdering 
  • Søk i skred A
  • Leiing av innsats i skred 
  • Organisering av redningstenesten og samøving med andre redningsetatar 

Mål: Personar som har gjennomført kurset skal: 

  • Kunne leie eit Røde Kors Hjelpekorps ved redningsaksjonar i skred 
  • Kunne arbeide førebyggande i dette feltet i lokalmiljøet 
  • Kunne virke som rådgjevar for det organiserte redningsapparatet ved skredulykker og i dagleg verke. 

Vilkår for deltaking:

  • Deltakarane må meistre ulike tilhøve i vinterfjellet(fysisk form, skiferdigheiter, fjellerfaring) og vera i stand til handtere øvingar og læring ute i 6-9 timar om dagen.
  • Ha skiferdigheiter tilsvarande svart løype i eit skitrekk. Lette toppturski eller kraftige fjellski med fellar er tilrådt. 
  • Gjennomført kurset lagleiing søk og redning vinter LSOR/ B-kurs vinter, eller dokumentere tilsvarandre kvalifikasjonar. Søkarar som har gjennomført operativ leiing vinter (A-kurs) blir prioritert. 
  • Gjennomført skredkurset redning skred og delteke på fleire skredøvingar, slik at ein har basisferdigheiter innan skred i orden 
  • Vera fylt 20 år 

Før kurset blir det sendt ut eit arbeidshefte med oppgåver som må svarast på med tilfredstillande resultat for å kunne delta på kurset. 

 

Finsekurset: Leiing av søk- og redningsaksjonar i vinterfjellet

På Finse 25. februar til 5. mars 2017.
Påmeldingsfrist 1. november 2016. 
Påmelding med søknadsskjema til D-rådet OG på ressurssystemet (kurskode 35664). 

Meir informasjon på Finsekursets heimeside

Kurset er sett i hop av følgjande kurs: 

  • Leiarskapsdel 
  • Aksjonsleiardel (ASOR) 
  • Redning skred 
  • Vinterfagleg del (pilot Fagkurs vinter) 

Hensikten med kurset er å utdanne kvalifiserte leiarar for søk og redning i vinterfjellet.

Krav til deltakarar frå hjelpekorpset er

  • Over 20 år
  • Godkjent førstehjelpsprøve
  • Bestått LSOR vinter, Vinter B eller tilsvarande
  • Besvart arbeidsoppgåve

Deltakarar på kurset er noverande og kommande leiarar innan Røde Kors Hjelpekorps, politiet, forsvaret, sivilforsvaret, hovudredningssentralane, norske redningshundar, norsk luftambulanse, nordiske redningstenester, brann- og redningsetatar og andre offentlege etatar som har interesse innan faget. 

Ta kontakt på vhrkhj@gmail.com om du er interessert i å delta på kurset!

Førstehjelpsprøva

Alle må godkjennast kvart tredje år. Dersom du er i tvil om når du tok prøva sist kan du høyre med Lena. Det blir fleire regodkjenningar i år, men datoen er ikkje sett endå.