Drone-pilotar søkast !

Under årsmøtet blei det gjord eit vedtak der me skal sjå på om me skal satse på kompetanse innanfor bruk av droner i samband med søk og redningsaksjonar.

Det er mellom anna snakk om å bruke drone(r) i samband med snøras, der er ein risiko for leitemannskap å gjere søk etter eventuelle sakna pga fare for nye ras.

Bruken av drone krev mannskap som har kunnskap og forståing for bruk av droner, regelverk og oppbygging, og som ønskjer å bruke tida på å byggje kompetansen i korpset. Det er slike mannskap VHRK vil no søkje etter.

Mange investerer droner privat, for leik og moro. Dette er ikkje malen til VHRK. Her er det snakk om å finne mannskap som er sitt ansvar bevisst, og ynskjer med teknologiske utviklinga å bidra til noko positivt. 

Når ein søkjer mannskap til dette, er det visse ting ein må vere innforstått med at det krevast medlemskap i VHRK, dernest må ein ha bestått fyrstehjelp-prøva.

Regelverk finns og dette må me som Røde Kors lag vere kjent med, og det inkluderar dei som skal bruke drone(r).

Ynskjer du å bli engasjert å bli "Drone-pilot" i Vinje og Haukeli Røde Kors, så send ein e-post til.

vhrkhj(a)gmail.com