Gåvetildelingar

Gjensidigefondet

Dato 21.12.09 mottok fjellredningsgruppa nær 775 000 frå Gjensidigefondet, her er kopi av ein artikkel sjå politiet (www.politi.no):

I Vest-Telemark har det til alle tider vore trong for å hjelpe personar i vanskar eller direkte livsfare i samband med ferdsel i fjellet. Det er sterke tradisjonar blant einskildpersonar med store kunnskaper og hjelpeorganisasjonar til å trø til når hjelpa trengs. Dette har fungert godt.

Gjennom fleire år har politiet og Norges Røde Kors Hjelpekorps samarbeida om å utvikle ei fjellredningsgruppe. Målet har vore å styrke redningstenesta i Vest-Telemark slik at ein er og blir best mogleg rusta for å berge liv under så vanskelege tilhøve som mogleg utan å setje tryggleiken til innsatspersonellet på spel.

Gjensidigestiftelsen har funne grunn til å støtte dette arbeidet med om lag kr 800 000. Det gjev eit stort lyft med tanke på å få på plass mykje av det naudsynte utstyret og driftskonseptet ved gruppa og vil utan tvil koma hjelpetrengande fjellfolk til gode.

Måndag 21.12.09 overrekte Gjensidigestiftelsen stønaden til Fjellredningsgruppa i Vinje ved ei markering ved Vinje lensmannskontor.

Utviklinga dei seinare åra har ført med seg endå større ferdsle i fjellet. Betre tilgjengeleg utstyr gjer det og mogleg å gjera ein innsats sjølv under ekstremt vanskelege tilhøve. Dette har berga liv.

Samarbeidet mellom politiet og Norges Røde Kors Hjelpekorps med tillegg av andre frivillige organisasjonar (Norske Redningshunder, DNT) samt andre offentlege og private instansar (t.d. kommunane i Vest-Telemark, Statens naturoppsyn, Høgskolen i Telemark, Statkraft, Brannvesenet) har vore svært fruktbart og oppbyggande, og ein har fått utvikla ei fjellredningsgruppe.

Fjellredningsgruppa i Vest-Telemark er meint som ei godt utstyrt og høgt kompetent innsatsgruppe som skal vera i stand til å gjera livreddande innsats sjølv under særleg vanskelege tilhøve. Dette set høge krav til personellet og utstyret.

Det er eit svært viktig mål å få finansiert aktiviteten og investeringane til dei frivillige organisasjonane slik at dei kan bruke tida på kompetansebygging i staden for pengeinnsamling på dugnad.

Fjellredningsgruppa har som mål å ha 20 kompetente og godt øva innsatspersonell der hovuddelen er frå Norges Røde Kors Hjelpekorps sine lag i Vest-Telemark. Det er og personell frå politiet, Statens Naturoppsyn og Norske Redningshunder. Dette sikrar ulik fagkompetanse som har vist seg svært nyttig i tidlegare redningsaksjonar samt tilsvarande erfaringar frå redningstenestearbeidet på Svalbard.

DNB NOR gåve

Me fekk i 2010 tildela 40 000 i gåve ifrå DNB NOR til investering i ljosutstyr.
Ein stor glede å sjå at banken såg nytteverdien med å gjeve oss støtte til ljosutstyr, då dette med ljos er en viktig utstyr som kan nyttast t.d. ved ras, der ein treng å få flombelyst område, slik at sjølv etter dagsljoset har forsvunnet, eit søk kan gjennomførast.
Til dette investerte me i fyljande utstyr:

2 stykk HONDA EU20i  http://www.berema.no/Honda/Aggregater%20og%20pumper/StromaggregaterHONDA/MODELLER%20OG%20PRISER/EU%2020i.aspx
Dei blei handla hos: WEAR MASKINFORRETNING Røyken, som gav lågaste pris !
http://www.wearmaskin.no/
Ein stor takk til dei.

Ellers så blei det investert i LED ljoskastarar, levert frå firmaet:
http://www.ledpunkt.no/ 
Innehavar
Stein Olav Rostad gav oss store rabattar, slik at med fekk 4 LED ljoskastarar på 100W kvar, med stativ,kablar og transportkassar.
http://www.ledpunkt.no/ds_product_info.php/products_id/916
Ein stor takk også til Stein O. Rostad

Takka alle partar her så har me fått mykje utstyr for pengane!.


Fellesfondet

Fellesfondet gav 600 000 til prosjektet "fjellredningsgruppa" 2009.

Sparebanken SØR

Ein ynskjedraum som blei virklighet !
Eit lokalt røde kors lag som har ein eldre Mercedes Benz minibuss, bakhjulsdreven og bensinmotor som mannskapsbil, er ein dårleg kombinasjon med tanke på vinterføre. Ein ting er dei høge bensinkostnadane, men det som blei litt pinleg at fremkomligheten på vinterføre ikkje var topp når ein fekk ein tung hengar bakom. Derfor hadde ein draum om å få seg ein 4 hjulstrekkar, men som alt anna, så kostar slike draumar ein del. Faktisk for mykje for eit lite røde kors lag i Vinje.
Men takka SPAREBANKEN SØR sin gåvemildhet så fekk me 228 000 kroner til investering i ny korpsbil. Ein stor takk til denne banken, som gjere draumar til virklighet.
Her kan du lese meir om kva pengane gjekk til:
http://www.varden.no/nyheter/fikk-228-000-kroner-til-ny-bil-1.5884099

Fleire støttespelarar

Lokale bedriftar som på ein eller anna måte støttar oss:
 Me ei rekkje bedrifter som stiller opp for oss anten økonomisk eller på andre måtar:
 
    Spar Haukeli avd MX-Sport
    Vierli turistsenter
    Haukelifjell Skisenter
    Rauland Skisenter

Hallbjørg og Dag Strøm

Me fekk ein pengegåve ifrå Hallbjørg og Dag Strøm (Edland). Og denne pengegåva kom til særs nytte for oss som eit hjelpekorps, då me vedtok å bruke pengane til å investere i ein satellittelefon. Vidda er kjent for å ikkje ha mobildekning på alle områder, og med ein satellittelefon aukar ein sjangsane mykje får å kunne ha dialog med omverda.
Som eit Røde Kors lag trengte me ikkje gå langt for handle satellittelefon.
Slik kompetanse, produktutval og service har me i Vinje, derfor var det ein fornøyelse å handle med Norsk Satellittelefon AS ved Halvor Tveiten.

Halvor Tveiten har ein nettside: http://www.htsalg.com/
som då syner ein av modellane me investerte i, takka vere gåva ifra Strøm.
Tusen takk !

Ope for meir her....