Korleis bli medlem

For å vera godkjent medlem i Røde Kors Hjelpekorps krevst det at du har gjennomført og fått godkjent grunnopplæringa, som er:

  • Grunnkurs førstehjelp (30 timar). Avslutta med ei prøve. 
  • Kvalifisert kurs søk og redning barmark (KSOR barmark)
  • Kvalifisert kurs søk og redning vinter (KSOR vinter)
  • Opplæring i bruk av samband og nødnett

Ta kontakt med oss for meir informasjon om kurs

Kurs i Vinje

Vinje og Haukeli Røde Kors har ikkje kapasitet eller etterspurnad til å halde slike kurs kvart år, men me gjer alt me kan for å sende nye medlemmar på kurs hos andre korps dersom me ikkje arrangerar kurset sjølv.

KSOR barmark og vinter held me sjølve når det er behov.

Dersom du har førstehjelpskurs frå før

Har du førstehjelpskomeptanse frå andre stader (t.d. forsvaret) kan me få vurdert om den kompetansa tilsvarar grunnkurs førstehjelp. Du må uansett ta den obligatoriske førstehjelpsprøva for å bli godkjent medlem, slik som alle andre medlemar må kvart tredje år.

Andre kurs for medlemmar

Medlemmar i hjelpekorpset kan ta påbyggingskurs innan fleire fagområde, til dømes søk og redning (vinter, barmark, skred, sjø, elv og krevande lende), førstehjelp, instruksjon, organisasjon og leiarskap.

Sjå kva kurs som ein kan melde seg på no